7 kreative måter å bruke ei bilderamme!

Liker du å vere kreativ og lage ting sjølv? Ei bilderamme kan vere utgongspunkt for mange fine gjer-det-sjølv- prosjekt. Her har eg samla 7 fin-fine idear med forholdsvis enkle framgongsmåtar.

d94c3295b7b6fb6b6ccf26260116b20e

Smykkeoppheng ~ Ei stor og tom bilderamme kan bli det flottaste opphenget for smykkene dine. Her er bilderamma måla i ein fantastisk turkis farge. På baksida er det festa trepinner som smykkene kan henge på. Her snakkar vi dekorativt og praktisk.
Eg likar!

5c997b616be4344049bedbcfe39cb6b3

Hylle ~ Ved å lime ei bilderamme på ein treboks får du ei lita sjarmerande hylle som ingen andre har maken til. Heng den på veggen og fyll den med yndlingsnipset ditt.
Til å bli glad av!

IMG_5074-1

Kritt-tavle ~ Mål ei tynn finerplate med tavlemåling og la den tørke. Deretter stifter du den på baksiden av ei stor bilderamme. Heng resultatet på veggen, no har du ei tavle som du og ungane kan utfolde seg på! Kjekt for liten og stor 🙂

d2a9a98a42181737b7b9d747554f5c6d

Whiteboard-tavle ~ Ei bilderamme med glass kan enkelt forvandlast til ei husketavle. Ved å sette inn ein nøytral og fin bakgrunn kan du skrive på den med whiteboard-tusj som du kan viske ut igjen. Enkelt, smart og fint!

50-Genius-Storage-Ideas-all-very-cheap-and-easy-Great-for-organizing-and-small-houses-gift-wrap

Papirstativ ~ Er du glad i å pakke inn gåvene sjølv? Kanskje du har ei svakheit for fint papir eller tapet? Med denne får du oversikt, og den er ganske fin å sjå på også. Korleis du lager den, finn du her!

IMG_5773

Hand/fot- avtrykk ~ Ta vare på avtrykka til dine søte små! Lag trolldeig som du kjevler utover. Trykk dei søte hendene og føtene til barnet ditt ned i trolldeigen. Legg ei djup ramme med fronten ned slik at du får avtrykka i  midten. Tett kantane godt med trolldeigen. Hell deretter gips ned i og la det stivne. For meir utfyllande forklaring kan du trykke her!

39b961c91d7fe034a2071531f9e19356

Nålepute ~ Er du glad i å sy? Lag ei nålepute av ramme, fyllvatt og ein fin stoffrest. Så slepp du å leite etter nålene dine fleire gonger! Framgangsmåten finn du her!

Eg håper du vart inspirert! Om du trykker på bildene kjem du til bildekilden.
Husk at hos oss finn du bilderammer for alle anledningar ~ www.bilderammer.no 😉

Ha ein herleg dag vidare!

Helsing Bjørg 🙂

Om forfatter Vis alle innlegg

Bjørg

Legg igjen et svar

Din e-post adresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *