Kreativ bruk av rammer til bryllaup!

Våren og sommaren er høgtid for bryllaup! Det ligg ofte mykje planlegging bak ein bryllaupsfest. Tanken er sjølvsagt at dagen blir perfekt for brudeparet.

På nettet finn du mykje inspirasjon du kan bruke til å gjere festen personleg og vakker. I dag har eg lyst å gje deg nokre tips til korleis du kan la bilderammer vere ein dekorativ og praktisk del av festen. Rammer kan brukast til så utroleg mykje, berre sjå her –>
(Alle inspirasjonsbilder er henta frå pinterest.com)

0ee9886af01ac6c858f9c78aa5713da1

~ Gjer litt ekstra ut av stolane brudeparet skal sitte på. Ved å henge opp rammer med silkeband og teksten «brud» og «brudgom» blir dette en vakker detalj.

161a9350962feb7f9b41ada6a52dcc55

~Mål ei tynn finerplate med tavlemåling som du fester bakpå ei ramme. På 1-2-3 har du ei flott tavle som du kan skrive festmenyen på. Personleg, dekorativt og informativt 🙂

c456cfdccb3819754fe602b71acc5a81

~Bruk gjerne ei flott bilderamme som ein del av motivet når det skal fotograferast. Det er alltid kjekt med ein ny vri på dei tradisjonelle brudebildene.

c137528f81775b1c99c465db07ec74d6

~Et flott alternativ til gjestebok! La gjestene sette igjen fingeravtrykk og signatur på en trestamme. Bruk små stempelputer i fine farger og legg ved våtservietter slik at gjestene får vaske seg etterpå. Med ei ramme rundt blir dette eit dekorativt minne for brudeparet, som også tar seg godt ut på veggen! Her kan du skive ut bildet av trestammen 🙂

dfee68747cd4138f2702334d2fe55461

~ Ram inn bilder av familien til brudeparet og lag eit familietre. I ordets rette forstand om du faktisk heng det i eit tre. Veldig dekorativt og personleg dekor som gjestane vil sette stor pris på.

eba00b003f412a555adbb648912c94e8

~Tomme bilderammer pynta med blomster er flotte å henge frå trea i eit utebryllaup. Dei er også morsomme å bruke når ein skal ta bilder i løpet av dagen.

Når dagen er vel overstått, sit brudeparet igjen med mange bildeminner frå dagen sin. Dei flottaste bildene fortjener å bli framheva med ei skikkeleg bilderamme og kome opp på veggen. Dei gode minnene frå dagen er fine å ha med seg i kvardagen.

Her har eg plukka ut nokre rammer som er eit brudebilde verdig. Alle er gode kvalitetsrammer i tre. Dei er utstyrt med herda akrylglas som er lettare enn vanleg glas og knuse/ripe frie. Rammene har også antireflex, det vil seie at glaset gjer lite gjenskin og blir behageleg å sjå på.

Bølge bryllup

Bølge Gull fra kr 299,-

Juv Bryllup
Juv Lyst Tre fra kr 549,-

Verona Bryllup

Verona Svart frå kr 249,-

Alessandria Solv

Alessandria Sølv frå kr 549,-

Dette var berre eit lite utvalg av kva du finn i nettbutikken. Eg anbefaler deg å ta ein titt. Sjå alle våre eksklusive rammer her!

Eg ønsker deg ei fantastisk god ny veke!

Helsing Bjørg 🙂

Om forfatter Vis alle innlegg

Bjørg

Legg igjen et svar

Din e-post adresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *